Grunnleggjande digitale kurs om kjelder
Dette er ein serie av digitale læringsmodular. Serien skal introdusere nye studentar til kva kjelder er, og korleis dei skal handtere kjeldene.
Kurset tek i hovudsak utgangspunkt i eksempel frå APA7th, men er overførbart til andre stilar.
Samandrag
Dette nanokurset tek for seg det aller mest grunnleggande ein student treng å vite før dei går i gang med kjeldebruk på universitetet eller høgskulen. Det er retta mot uerfarne studentar. Det kan òg brukast med meir erfarne studentar som strevar med det heilt grunnleggande. Kurset dekker foreløpig spørsmål som: kva er kjelder, kva er referansestilar, korleis bruke Kildekompasset og korleis sitere.
Formål
Noreg har opplevd ei stor utfordring med at studentar ikkje veit korleis dei skal bruke kjelder på ein etterretteleg måte. For å bøte på dette gar UiA laga eit digitalt mini-kurs. Utfordringane me har sett spesielt hos nokre studentar er at:
- Dei trur at læreboka er den einaste kjelda dei kan bruke.
- Dei forstår ikkje kva plagiat er.
- Dei ikkje klarer å bruke Kildekompasset som verktøy.
Læringsutbytte:
Kvar del av kurset skal lære studentane forskjellig grunnleggjande kunnskap om kjelder og kjeldebruk. Det viktigaste dei skal lære er:
- At det finnst mange forskjellige kjelder, men ikkje alle er gode til studentens bruk.
- At det finnst fleire referansestilar, men dei treng ikkje lære seg fleire enn forelesar seier.
- At dei kan finne støtte i ressurser som Kildekompasset.
- Korleis dei skal sitere både direkte og indirekte i eigen tekst.
Delane av kurset
Foreløpig består det digitale kurset av fire deler. Desse delane skal dekke det mest grunnleggande av kunnskap om kjelder. Dei må gjerne bli brukt i samanheng med anna materiale.
Kva er ei kjelde?
Denne kursmodulen dekker overfladisk nokre kvalitetsteikn for gode kjelder. Omgrepet blir utvida til at kjelder ikkje berre er akademiske artiklar. Kurset gir studenten ei enkel sjekkliste for kvalitetssjekk.
Modalitet:
- Tekst
- Film
- Quiz (multiple choice)
Kva er ein referansestil?
Denne kursmodulen gir ein kort innføring i kva referansestilar er, med utgangspunkt i APA7th.
Materiale
- Tekst
- Quiz (Multiple choice)
Korleis brukar du Kildekompasset.no?
UiA, UiS og USN har utvikla kildekompasset.no, eit verktøy for bruk av APA7th og IEEE. Denne kursmodulen gir ei kort innføring i korleis verktøyet fungerer og kva det inneheld.
Modalitet:
- Film
Korleis brukar du sitat og parafrase?
Denne kursmodulen dekker praktiske spørsmål om kva som er krava når ein student skal bruke sitat og parafrase i tekst. Modulen tek utgangspunkt i APA7th.
Modalitet:
- Tekst
- Quiz (Drag and drop)(Multiple choice)
- Film
Forslag til bruk
1
Sende ut utan meir støtte
Kursa er laga med tanke på å sende ut til alle nye studentar utan meir støtte i direkte samanheng. Dette kan gjerast per epost eller gjennom LMS.
2
Sende ut i forkant av undervisning
Det er mogleg å sende ut kursa enten åleine eller saman før undervisning. Dette kan sikre at studentane har grunnleggjande kunnskap før vanleg undervisning
3
Bruke som del av undervisning
Informasjonsspesialist kan be studentar gjennomføre kurs i fysisk undervisning, gjerne som utgangspunkt for vidare diskusjon.
4
Repetisjon i etterkant av undervisning
Kursa kan sendast ut i etterkant av undervisning på begynnarnivå for å gi studentane repetisjonsmateriale.
RELEVANTE BIBLIOTEKSRESSURSER (LENKER)
Denne ressursen er laga av:
Eline Øverbø Roaldsøy
Universitetsbiblioteket i Agder
Marte Strand
Universitetsbiblioteket i Agder
Utvikla av Universitetet i Agder | Utgjeven under lisens: CC BY – NC |