Har du lov å bruke kunstig intelligens i ditt studentarbeid?
Med språkmodeller, kunstig intelligens og alle moglegheitene det har med seg, er det og mange nye val å ta som student. Det kan virke uoversiktelig. Difor har UiA laga ein oversikt over ein del spørsmål du bør stille deg før du bruker kunstig intelligens i oppgåva di som student her.
Hugs, at berre fordi du kanskje har ”lov” til å bruke kunstig intelligens i oppgåva di, betyr det ikkje at det er smart.
Dei første vurderingane du bør gjere er om du faktisk har lov til å bruke kunstig intelligens.
Derfor har me laga eit interaktivt flytskjema for å hjelpe studentane med desse vurderingane.

Formål
Ulike universitet har tatt forskjellige val om kor mykje studentane har lov til å bruke kunstig intelligens i arbeider de skal levere til vurdering. Vårt universitet tillet bruk av kunstig intelligens under visse regler.
Dette interaktive flytskjemaet skal hjelpe studentane å sjølv finne ut kva dei har lov til.
Dele ut til studenter
Flytskjemaet skal vere sjølvforklarande, slik at studentane kan få tilgang uten meir rettleiing. For å ikkje gjere studentane overvelda får dei kun tilgang til eit av spørsmåla i flytskjemaet om gangen.
Til bruk i veiledningssituasjonar
Det kan og vere nyttig å gå gjennom skjemaet saman med nokre studentar. Det kan gjerast digitalt, eller med utskrift av plakatversjon av flytskjema.